For eit par helger sidan sette eg og åtte kollegaer oss på flyet og landa berre ein time seinare i Aberdeen, Skottland. Eg vert aldri heilt van med tanken om at fly går SÅ utruleg fort. Eg tenkjer at det er, i allefall nesten, som å reise i tid. KNIPS - så er ein ein heilt annan stad! Det er jo i grunnen magisk!!!
Skottane er tydelegvis enno tidlegare ute med julepynt og -stas enn oss her heime. Og ikkje overraskande var det
julestemning til sals i alle krikar og krokar! Butikkane bugna sjølvsagt av alt ein kan tenkje seg - og litt til. (Og det gjorde for så vidt kofferten min då eg kom heimatt også...)
Eg følte meg frykeleg flink og ganske heldig då eg fann ein heil del
Cath Kidston-produkt hjå varemagasinet
John Lewis.
LYKKE!
Eit skotsk slott måtte også vitjast. Me tok turen til
Crathes Castle der
The Green Lady var til stades i eitt av romma. Det same var eit par av borna som ein gong budde på slottet. Og ein riddar med lang spiss nase.
Eg såg dei ikkje, men det gjorde ei av kollegaene mine! Ganske spennande!
Og SJØLVSAGT! Ein del pub-besøk vart det også! På den nokså hypa puben Slains Castle, kunne ein mellom anna kjøpe seg ei dødssynd - eller sju... Medan
Ninety Nine Bar & Kitchen baud på godt øl i snasne omgjevnader. Veggane var dekka med
Cole & Sons-tapetet Fornasetti Collection (- det med dameansikt og auger i rundingar, du veit) og eit av borda var forma som to digre bøker som låg oppå kvarandre.
Charming!
Skottland i førjulssteming kan anbefalast
på det varmaste!