For eit par helger sidan sette eg og åtte kollegaer oss på flyet og landa berre ein time seinare i Aberdeen, Skottland. Eg vert aldri heilt van med tanken om at fly går SÅ utruleg fort. Eg tenkjer at det er, i allefall nesten, som å reise i tid. KNIPS - så er ein ein heilt annan stad! Det er jo i grunnen magisk!!!
Eg følte meg frykeleg flink og ganske heldig då eg fann ein heil del Cath Kidston-produkt hjå varemagasinet John Lewis. LYKKE!
Eit skotsk slott måtte også vitjast. Me tok turen til Crathes Castle der The Green Lady var til stades i eitt av romma. Det same var eit par av borna som ein gong budde på slottet. Og ein riddar med lang spiss nase. Eg såg dei ikkje, men det gjorde ei av kollegaene mine! Ganske spennande!
Og SJØLVSAGT! Ein del pub-besøk vart det også! På den nokså hypa puben Slains Castle, kunne ein mellom anna kjøpe seg ei dødssynd - eller sju... Medan Ninety Nine Bar & Kitchen baud på godt øl i snasne omgjevnader. Veggane var dekka med Cole & Sons-tapetet Fornasetti Collection (- det med dameansikt og auger i rundingar, du veit) og eit av borda var forma som to digre bøker som låg oppå kvarandre. Charming!
Skottland i førjulssteming kan anbefalast
på det varmaste!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar