... som kan like ein god latter!
Sigmund Falch står bak tidenes mest morosame bøker. Eg har ledd så tårane trilla. Lenge!
Alvorlege 50-talsbilete
+ Nynorske bilettekstar (UTAN samanheng whatsoever)
= Fantastisk underhaldning!
I nettbutikken til Ivar Aasen-tunet er det no råd å få tak i tre av desse bøkene til kr. 119,- Boka Redlight Setesdal har eg funne billegast hjå adlibris.com, kr 202,- Her kan du også "bla i boka" - og berre gje deg ende over...
Viser innlegg med etiketten På ynskjelista. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten På ynskjelista. Vis alle innlegg
lørdag 5. mai 2012
mandag 20. februar 2012
Personalized puter
torsdag 19. januar 2012
Når lista vert lang...
...kan den jo også vera kul!?!
Eg har enno ikkje fått opp noko wallsticker på veggane, og no er det vel ikkje lenge til at det er "so 2010", eller noko slikt!
Men denne knase stickeren er jo både kul OG skikkeleg praktisk, så den MÅ jo berre overleve slikt snakk?
Dansk kvalitetsdesign frå ... ja, sjølvsagt:
lørdag 5. november 2011
Skogens ro
I det siste har det dukka opp nokre fortryllande fuglar på diverse nettsider. Både bloggen Lisbeth sin lille verden og det danske magasinet BoligLiv har hatt bileter av desse livlege krabatane. Kominasjonen med gamle pyntetallerkar og platter kunne ikkje vore betre.
Snille Lisbeth er så elskverdig at ho også deler kvar dei kan bestillast:
(Teksten er lånt frå kommentarfeltet hennar.)
(...) fuglene kan kjøpes på Amazon.com på denne adressen:
http://www.amazon.com/gp/product/B004089IGU
Man slipper unna toll siden arket koster under 200 norske kroner, men frakten er dyr, så herligheten kommer på 462 kr. Jeg vet fordi en venninne av meg kjøpte i forrige uke. Det gikk helt knirkefritt, pakken ble levert på døren 4 dager etter bestilling.
I morgon trur eg eg berre lyt innom amazon.com - og etterpå skal eg jammen gå ein liten tur på stien...
God helg!
onsdag 2. november 2011
Dansk paddehat
I Noreg har me sopp,
og i Sverige har dei svampar.
Personleg likar eg best den danske varianten,
paddehat!
Desse fargerike variantane er frå House Doctor og har allereie kome på ynskjelista til jul...
fredag 9. september 2011
Coffe Bean Bag
Fantastisk! Er det ikkje?
Ein Coffe Bean Bag som faktisk fungerer som,
ja, nettopp ein Bean Bag!
Ein Coffe Bean Bag som faktisk fungerer som,
ja, nettopp ein Bean Bag!
Denne er laga av åtte gjenbrukte kaffisekkar og trykket vil variere alt etter kva typar kaffi som vert nytt på kafèar i Stockholm! Kor kult er ikkje det!?!
Nettbutikken Wilma & friends sender enkelte produkt til Noreg. Det fekk eg vite då eg trudde dei ikkje sendte hit og ynskte å bestille plastmatta Anna frå innlegget nedanfor.
Korleis det er med Bean Bagen, veit eg ikkje, men det går jo an å spørje...
Korleis det er med Bean Bagen, veit eg ikkje, men det går jo an å spørje...
mandag 15. august 2011
Retro på golvet
Her er eg igjen! - etter ein laaang pause frå blogg og PC!
Når sola skin her på vestlandet går det berre ikkje an å sitje inne! I staden har eg kosa meg med diverse lesestoff og lyttestoff. Lydbok er verkeleg tingen når skuldrene skal senkast for alvor! Og så interiørblad, då... Eg kjenner meg nesten naken utan!
Når sola skin her på vestlandet går det berre ikkje an å sitje inne! I staden har eg kosa meg med diverse lesestoff og lyttestoff. Lydbok er verkeleg tingen når skuldrene skal senkast for alvor! Og så interiørblad, då... Eg kjenner meg nesten naken utan!
I siste BoligPluss fekk eg auge på noko som gjorde at eg berre nett måtte inn på nettet likevel.
Denne retroinspirerte golvmatta frå Brita Sweden er jo berre
eit herleg sukkerty til heimen!
Men den er ikkje tilgjengeleg i den nydelege turkisfargen hjå nettbutikken som er nemnt i artikkelen i bladet. Eg fann den derimot hjå Wilma&friends. Stikk innom der du også om du har tenkt å handle!
Neeeeei! Eg oppdaga nettopp at den nemnte nettbutikken ikkje sender varer til Noreg. Skrekk og gru! Dersom du skulle oppdage ein annan nettstad der dei har denne golvmatta i turkis, vert eg lukkeleg om du legg igjen ei lita melding!
torsdag 28. juli 2011
Marlene M. i Bergen
På ein liten spasertur i Bergen i går hadde eg fleire "Å, tenk om det var meg!"-augneblikk. Det største var då eg smatt inn hjå
Dei to søstrene frå Bergen gjekk forbi dei ledige lokala for eit drygt halvår sidan, og tenkte Ja! Lat oss gjere det! - og så opna dei butikk. Den vesle butikken i Lille Øvregaten er heilt nydeleg og sel produkt frå deira eige design, samt fleire andre spennade merker.
Er du i Bergen, MÅ du innom! Sjå berre her:
MARLENE M. - Cafè au lait sett |
MARLENE M. - Plakat |
Cambridge Satchels |
LØV te |
Butikklokalet er lite, men utvalet er artig, ja, nærast underhaldande i sin variasjon! Skulle du få lyst på ein ny sykkel på din ferd, så har dei jammen det også:
ABICI Granturismo |
tirsdag 28. juni 2011
Chandelier til begjær!
Har du sett på maken?
Noko so nydeleg...
Klikk på biletet for å kome til Etsy: Three Tier Wedding Cake - Ball Mason Jar Hanging Swag Chandelier - Eco Friendly Event Accessories |
MEEEN det går kanskje an å låne ideen....
Etter runde i kjellaren på jakt etter gamle norgesglas, og ein svipptur til Clas Ohlson, skulle vel dei fleste komponentane kunne vera på plass.
tirsdag 7. juni 2011
Handleboka
Nett som ho bestemor har eg ei eiga handlebok som eg bruker til å skrive opp ting som trengs i heimen. I tillegg noterer eg ned diverse ting eg måtte kome på - anten eit morosamt ord som dukkar opp, eller raske idèskisser av for eksempel eit søtt kosedyr i ein butikk.
Det er veldig greit å ha noko å notere på i farta, og ei bok har det stort sett med å bli verande i veska (i motsetnad til små lappar som stort sett havnar uleste i vaskemaskina).
No er det berre eit par sider igjen i handleboka mi, så det er på tide med eit innkjøp av ei ny. Har sett at det er ein del fine notatbøker i bokbutikkane for tida, men papernation.co.uk har også eit artig utval:
Anglofil som eg er, er favoritten sjølvsagt denne:
onsdag 18. mai 2011
Blogglotteri hjå eingulknapp
Klikk på biletet og finn ut korleis du også kan vera med! |
Denne gongen er premien er eit herleg sykkeltrekk frå Sykkelpikene.
(For ein nydelig butikk - eg har fått ein ny favoritt! Dersom eg ikkje vinn i lotteriet, har eg allereie sett meg ut nokre setetrekk som er komne høgt på ynskjelista. I tillegg til eit par sykkelkorger, sjølvsagt!)
tirsdag 10. mai 2011
By ygg&lyng
Desse likar eg! Og dei er med dette offisielt kome på ynskjelista mi. Passeleg landlege sitjepuffar med ekstraordinært design! Og attpå til norske!
Furu og Bjørk designa av Elin Louise Sveen |
Tre ting på ein gong (- jau, det går faktisk an):
Vakre, praktiske og ein smule humoristiske!
Dei går jo an å lage sjølv òg - men då er eg redd dei vert noko hardare enn originalen. Og kven vil vel ha tresmak bak om ein slepp?
Abonner på:
Innlegg (Atom)