Nett som ho bestemor har eg ei eiga handlebok som eg bruker til å skrive opp ting som trengs i heimen. I tillegg noterer eg ned diverse ting eg måtte kome på - anten eit morosamt ord som dukkar opp, eller raske idèskisser av for eksempel eit søtt kosedyr i ein butikk.
Det er veldig greit å ha noko å notere på i farta, og ei bok har det stort sett med å bli verande i veska (i motsetnad til små lappar som stort sett havnar uleste i vaskemaskina).
No er det berre eit par sider igjen i handleboka mi, så det er på tide med eit innkjøp av ei ny. Har sett at det er ein del fine notatbøker i bokbutikkane for tida, men papernation.co.uk har også eit artig utval:
Anglofil som eg er, er favoritten sjølvsagt denne:
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar