Mengda med papirarbeid i læraryrket berre veks og veks, og i desse dagar når det toppen. Ute er det vått, grått og kaldt - sjølv den fyrste dagen i juni - men på veggen i stova heng vasselen og minner om at kvardagens slit og strev tross alt var tyngre før!
(Og sol og varme er i følge metrologane på veg, så sjølv om eg har lyst, er det vel ingen grunn til å klage...)
Ei lita oppdatering:
Etter ein runde rundt på diverse bloggar i dag, er det ikkje vanskeleg å sjå forskjell på aust -og vestlandske skribentar. Austlendingane har sol og sommar, medan vestlendingane stort sett viser forblåste og regntunge bilete. Litt artig å sjå kontrasten!

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar