Når sola skin her på vestlandet går det berre ikkje an å sitje inne! I staden har eg kosa meg med diverse lesestoff og lyttestoff. Lydbok er verkeleg tingen når skuldrene skal senkast for alvor! Og så interiørblad, då... Eg kjenner meg nesten naken utan!
I siste BoligPluss fekk eg auge på noko som gjorde at eg berre nett måtte inn på nettet likevel.
Denne retroinspirerte golvmatta frå Brita Sweden er jo berre
eit herleg sukkerty til heimen!
Men den er ikkje tilgjengeleg i den nydelege turkisfargen hjå nettbutikken som er nemnt i artikkelen i bladet. Eg fann den derimot hjå Wilma&friends. Stikk innom der du også om du har tenkt å handle!
Neeeeei! Eg oppdaga nettopp at den nemnte nettbutikken ikkje sender varer til Noreg. Skrekk og gru! Dersom du skulle oppdage ein annan nettstad der dei har denne golvmatta i turkis, vert eg lukkeleg om du legg igjen ei lita melding!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar