onsdag 30. mai 2012

Fine fuglar på veggen

Ein kveld denne veka
talde eg åtteogfemti svaler
som sat bortetter telefonledningen.
Eg trur dei hadde noko viktig å snakke om.

Då eg fann desse fine fuglane på epla.no tenkte eg: Hmm - dei er då ikkje so vanskelege å lage sjølv? Seinare i kveld skal eg gjere eit forsøk. 




Vil du også ha fine fuglar på veggen, men ikkje orkar å styre med det sjølv, finn du desse hjå renna deluxe sin eplabutikk. Der er forresten også mykje anna fint, som til dømes puter med trykk av ein sommarfugl eller ei bille.

søndag 20. mai 2012

Om sol, filleryer og vimplar

Det er lenge sidan sist.
Lenge sidan sola har vist seg.
Og lenge sidan eg har blogga.
Kan hende er eg ein sol-bloggar?


For no er sola her - og no er eg her. Og endeleg kan filleryene hengast ut til lufting. Vimplane tykkjer det er stas med selskap. Ser du godt etter, kan du sjå at dei smiler!


Har du også lyst å hekle slike fine, fargerike vimplar, finn du oppskrifta (på dansk - men lett forståeleg) hjå Karen Klarbæk. I oppskrifta er vimplane berre tredd på ei snor. Eg har hekla vimplane saman, men det gjer du som du vil med.

Og du... Nyt sola!

lørdag 5. mai 2012

Gåve til konfirmanten (eller nokon heilt andre)

... som kan like ein god latter!
Sigmund Falch står bak tidenes mest morosame bøker. Eg har ledd så tårane trilla. Lenge!

  Alvorlege 50-talsbilete
+ Nynorske bilettekstar (UTAN samanheng whatsoever)
= Fantastisk underhaldning!



I nettbutikken til Ivar Aasen-tunet er det no råd å få tak i tre av desse bøkene til kr. 119,- Boka Redlight Setesdal har eg funne billegast hjå adlibris.com, kr 202,- Her kan du også "bla i boka" - og berre gje deg ende over...

torsdag 26. april 2012

Å tjøre - tjører - har tjært

På dugnad med trivelege folk breier tørre vitsar seg som ild i torrgras... Eg var med på dugnad med Skutefolket i helga, der me tjørebreidde ein stor trebåt. Du store kor mykje moro ein kan ha med eit lite ord:

"Tjør i gong!"

"Nei, no må me ikkje tjøre for fort."

"Må me ha sikkerheitsbelte på når me tjører, skal tru? - Det er nok lurt dersom ein har livet tjært."

tirsdag 10. april 2012

Pute: Med trykk

Ei kjekk nabojente fyller år.
Kva skal ein då finne på?

Eg prøvde til med trykk på ei pute
med tankar om kvardagar.

Trykkeprosessen tok si tid, men det vart ganske bra til slutt. Og jubilanten - ho vart strålande glad!
Nei, dette vart for LITE maling!

Oj, dette vart då alt for MYKJE!

 Men etter maaange forsøk: Endeleg eit vellukka forsøk.
No manglar berre puta inni for å få ordentleg "puff" i puta!
Eg er enno ganske ny med silketrykksteknikken, og det vart ein del prøving og feiling i denne omgangen. Ein heil del meir enn det som er dokumentert her, altså! Men etterkvart håpar eg å få opp produksjonen og muligens også selje litt. I "butikken min i byn" - eller på epla.no, kanskje? I lag med keramikkprodukt og andre fine ting. Kanskje... Det er viktig å ha draumar!
Ha ein strålande (kvar)dag!

tirsdag 3. april 2012

Påskestemning i ein kopp

Du har sikkert oppdaga det, du også:
Sola varmar, bekken klukkar og fuglane syng.
Når våren sprett er det godt å vera til!


Førre helg tok eg inn nokre tynne, små påskeliljespirer og tenkte at eg kanskje fekk blomar til påske... Og JAMMEN! Det tok berre fire dagar før den fyrste blomen opna seg.

Gå ut i hagen (eller parken...) og hent inn nokre stilkar, du også. Og gjer det NO - så har du "sjølvlaga" påskestemning på bordet til påskehelga!

Porselenskoppen som blomane står i laga eg for nokre år sidan. I løpet av våren håpar eg at keramikkrommet i kjellaren vert klart slik at eg kan produsere litt igjen. *fingers crossed*

lørdag 31. mars 2012

Påskestemning med hekla lykt

Og slik vart den...

Det hekla trekket har eg teke utanpå eit peanøttsmør-glas. Desse glasa er fine fordi dei er så rette i forma. Og så går slike STORE telys oppi dei!

Eg måtte nett prøve meg fram for å finne ut kvar lykta skulle stå. Førebels står den ved sida av vasen med kvistar fordi det vart liksom mest påskete.