fredag 17. august 2012

Gode naboar

... attende frå ferie,
kom i dag brune og blide
med "noko lite til deg!"

Kva passar vel betre til eit nyoppussa kjøkken enn ei knallstilig, og veldig, veldig smart strikka zalostrømpe?!? Denne var det endåtil far i nabohuset som hadde funne i ein butikk i Skudeneshavn.

Kan du strikke betre enn meg, tenkjer eg du lett finn ut korleis zalostrømpa er laga. (Billa Blå, tek du utfordringa?) Det kan sjå ut som at den er strikka som ein tube med innfelling i toppen. Ikkje noko hokus-pokus, skulle eg tru.  Ein fin, hekla blom finn du oppskrift på her.
 Snakk om snedden sommarpresang...

Eg er aldeles sjarmert!

2 kommentarer:

Billa Blå sa...

Haha! Den var jo berre fantastisk kul! Og heilt sikkert mogeleg å lage sjølv! Skal sjå om eg klarar å knekke koden ;) Veldig kult at det var far i huset som såg seg mòn i denne, - og ikkje minst kor den passa perfekt. Glimrande gåve!

Vibeke sa...

så kul!!!:o)