torsdag 28. juli 2011

Marlene M. i Bergen

På ein liten spasertur i Bergen i går hadde eg fleire "Å, tenk om det var meg!"-augneblikk. Det største var då eg smatt inn hjå

Dei to søstrene frå Bergen gjekk forbi dei ledige lokala for eit drygt halvår sidan, og tenkte Ja! Lat oss gjere det! - og så opna dei butikk. Den vesle butikken i Lille Øvregaten er heilt nydeleg og sel produkt frå deira eige design, samt fleire andre spennade merker. 

Er du i Bergen, MÅ du innom! Sjå berre her:
MARLENE M. - Cafè au lait sett

MARLENE M. - Plakat

Cambridge Satchels

LØV te

Butikklokalet er lite, men utvalet er artig, ja, nærast underhaldande i sin variasjon! Skulle du få lyst på ein ny sykkel på din ferd, så har dei jammen det også:
ABICI Granturismo



1 kommentar:

Patina-H sa...

Ååå, har endå ikkje vore innom denne butikken.... Skulle tru ein budde på ein heilt anna kant av landet... !! Ser veldig fin ut.
Og ja, lilla knott skal me legga til sides ;)