søndag 23. oktober 2011

To søte søstre, skillingsbollar og sjarmerande bøker i Bergen

Sjarmerande Bergen har blitt enno meir sjarmerande!

Sist helg avslutta eg haustferien med overnatting i Bergen saman med sambuaren min. Me overnatta på To Søstre Gjestehus i Nedre Stølen, og brukte HEILE laurdagen på å rusle rundt i trange smau og gater.


Ein av Bergens nyare skattar er bokkafèen Krok og Krinkel i Lille Øvregaten. Ferske skillingsbollar og gamle bøker er ein fantastisk kombinasjo. Særleg på ein laurdag når ein har goood tid!

Vertskapet på kafèen har verkeleg sansen for å skape stemning i lokalet. Sjå berre på denne nydelege takpendelen! Kanskje ikkje so vanskeleg å lage sjølv, heller?
Og attpå ein heil dag med trasking og gode opplevingar i byen var det godt å kome inn på rommet i gjestehuset og berre slappe av. Og å kunne kvile augene på bergenske tak tett-i-tett! Litt til! 

1 kommentar:

loppelilla sa...

Så kjekt å høyre om ein ny overnattingsplass i Bergen..eller iallefall ny for meg:)) Krok og krinkel har eg faktisk kikka såvidt innom:)) Høyrest ut som de har kost dykk veldig:))...og du, veldig veldig fin blogg:) Fin ny veke til deg oppi dalen:))
Klem frå Irene på Patina -