Det har vore gråe dagar ved fjorden denne veka. Og eg nyt det!
Mange ynskjer seg kvit jul og kjenner sjelefreda senkjer seg når dei fyrste kvite fillene dalar ned. Slik er ikkje eg. Regn og plussgrader er det eg kjenner meg heime i, og i år har eg vore særdeles nøgd med romjulsveret! Eg veit ikkje kven eg skal takke, men takk!
Det er skjønt å hive på seg regnkleda og ut å "friske seg".
Prøv du også!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar