"Jau, det kan jo gå. På eit vis", sa snekkaren. "Men heilt som det skal vera, vert det jo ikkje!".
Så viser det seg altså at IKEA-benkeskapet ikkje passar samen med Gustavsberg-vasken som skulle nedfellast i Norema-benkeplata som eg har veeeenta på i sju lange og sju breie. Vasslåsen vert for låg slik at skuffene må sagast sund, benkeskapet er litt for lite djupt så det må forast ut bak, og vasken kjem uansett for langt bak mot veggen i forhold til framkanten...
"Det kan gå an å lure det til", forklarte snekkaren, "men då vil det verte foringar og greier som gjer at det ikkje vert heilt som det eigentleg skal. Det vil nok sjå litt provisorisk ut".
Javel - provisorisk? Etter å ha venta i åtte månader på å få ferdig badet, nøyer eg meg ikkje med provisorisk! Med lite midlar att på budsjettet kan eg ikkje berre slå på stortromma og handle baderomsinnreiing til mange tusen.
Eg er skeptisk til kvaliteten, men har altså bestemt meg for å krype den lange vegen til korset og kjøpe ein IKEA-vask som passar til IKEA-benkeskapet.
Moral her er at det er like greit å handle hjå ein forhandlar - så veit ein at ting passar saman.
Sukk!
1 kommentar:
Uffa meg, dette høyrdes jo ikkje så kjekt ut ...sjølv om eg må innrømma at eg lo litt når eg las historien din. Ikkje stygt meint ! Men kjenner meg jo litt att ;) Men, men, er sikker på at det vert kjempefint med Ikea :) Det har me kjøpt på Patina og ;)
Lukka te !
Legg inn en kommentar