Pussepapiret står klart. No skal den gusjebrune malinga i trappa pussast og vaskast med salmiakkvatn før overmaling. Fargen kjem på bilete sidan.
Spørsmålet er berre:
Skal tømmerveggane også malast?
Alle, nokre, eller berre ein?
Eller skal dei få vera som dei alltid har vore - tømmerfarga?
Fleire av veggane har skjemmande striper etter vasslekkasjar, og er ikkje særleg fine. Vaskbare er dei heller ikkje. Meeen, så sitt det litt langt inne å ta steget å male dei, for då er det liksom gjort. For alltid!Er det nokon som har synspunkt i saka?
Tankar om saka vert motteke med stor takk!
1 kommentar:
Mmmm, veldig vanskeleg å ta eit valg på slikt, for som du seier, når det er mala, er det for seint... Akkurat no, så er det jo veldig fint å behalde det trekvite, det naturlege. Det er til og med trendy ;)Og fargen på treet på veggane hjå deg er jo nydeleg !
Så kanskje eg ville venta litt til om eg var deg, og spanande og sjå kva farge du vel på det gusjebrune :) Lykke til - igjen ;)
Legg inn en kommentar