tirsdag 28. februar 2012

Kjøkken: Eit golv kjem til syne - Igjen!

Sist var det stovegolvet som kom fram i dagen - denne gongen er det på kjøkkenet det skjer!

Vinterferien har kome og gått, og ei heil veke med effektivt arbeid gjer at me no har kome halvegs i kjøkkenvølinga. Håpet er at det desentraliserte kjøkkenet er historie om eit par veker.


Det vart mykje trekkjing av spikar og riving, bløyting, skrubbing og skraping på gamalt golvbelegg. Det kunne sjå ut som at under to linoleumsbelegg, var det nederste golvbelegget var eit lag med ei slags avrettingsmasse med lasering oppå (bilete til høgre). Eg tippar det var draumen om "eit eksotisk tregolv" som låg der - og som no er borte...


Pappa har sett opp ein lettvegg og bytt rotne golvplank. Eg har (med tungt hjarte og stort brekkjarn) rive kråskapet under skråtaket. Katten Sofia var sjølvsagt med på all moroa!

No skal veggar malast, vindauge bytast og innreiing monterast. Det ferdige resultatet gjenstår enno å vise fram, men enn so lenge har me i allefall eit bert plankegolv å gå på!

2 kommentarer:

Billa Blå sa...

Helledussen kor de arbeidar! Du er heldig som har ein handy far. Det kjem til å bli utruleg fint. Dei dørlistene hadde ein umåteleg tiltrekkjande farge på meg!

Susanne sa...

Dørlistene vart mala i fargen SALVIE (Jotun) for maaange år sidan - men eg likar den framleis og har nett kjøpt ny maling for oppatt-attfrisking!

(Den nemnte handy far kunne forresten hatt god nytte av ei gjennomlesing i heftetet til Gunvor R. Her syng det sjømannssalmer i veggane rett som det er... Hihihi!)