mandag 5. desember 2011

EIT GOLV kjem til syne

Å oppdatere stovegolvet er ikkje ein enkel operasjon når ein samstundes skal bruke stova!

Ein tredjedel av stovegolvet er no kvitt sitt lilla teppebelegg og er forvandla til ein lysegrå draum av eit golv. Desse bileta viser andre tredjedel si forvandling frå slitent golvbelegg frå 70-talet til maleklar flate:

Det opphavelege stovegolvet var rustraudt og lite tiltrekkjande
(på anna enn støv).

Takk og lov! Linoleumen var ikkje limt fast, men låg laust oppå
eit lag med papp.

Avduking! Spennande å sjå kva som gøymer seg under pappen!

Ja, eg veit! Det ER ganske synd å male slikt
eit autentisk og sjarmerande tregolv.
Men eg orkar berre ikkje at vaskefilla skal
henge fast i treflisar kvar gong det skal vaskast...

Eg håpar inderleg at heile golvet vert ferdig før jul. Elles går me for plan B: Mørklagd stove med KUN stearinljos! Så ser ein ikkje kor gale det eigentleg er...

(PS! Orsakar dei nokså dårlege bileta...)

3 kommentarer:

Billa Blå sa...

Dette kjem til å verte så vakkert. Og så merka eg meg den kule stikkontakten. Megaretro. Forhåpentlegvis ikkje (veldig) brannfarleg...

Susanne sa...

Den megakule stikkontakten er faktisk HEILT NY og ikkje brannfarleg i det heile teke. Verre er det med RESTEN av det elektriske anlegget i huset...

(Eg kryssar fingrane kvar gong eg gløymer å skru av omnen på kjøkenet når eg kokar meg tevatn! Og så hiv eg ei klype salt over skuldra, berre slik i tilfelle.)

Duse Pasteller sa...

Hei Susanne!
Takk for hyggelig kommentar hos meg:)
Jeg tror ikke det blir noen flere Markeder i Trikkehallen før jul, men de snakket om å ha det til våren igjen.
De som arrangerer lovte å gi meg beskjed neste gang, og jeg lover å videreformidle info på bloggen god tid i forveien. Denne gangen var det tilfeldig at jeg fikk vite om det i det hele tatt, og det bare noen dager før.
Håper jeg ser deg der neste gang!!
god helg!
klem:)