fredag 9. mars 2012

Eventyret om den travle elektrikaren som ikkje kunne seie nei (med ein gong!)

Det var ein gong ein elektrikar. Han hadde blå arbeidsklede og ein kvit kassebil med mykje utsyr. Og han var travel, nett som alle andre eletrikarar.

Ein dag fekk eletrikaren ein telefon. Det var ein kar som budde i eit gamal hus i ein lang dal som ringde. Elektrikaren hadde tidlegare vore å ordna ein del i det gamle huset, og hadde framleis noko arbeid att. Karen som budde i det gamle huset i ein lang dal spurde elektrikaren om han kunne leggje inn straum til ein keramikkovn som skulle setjast opp i kjellaren, sidan han likevel måtte kome innom å gjere ferdig arbeidet frå sommaren 2011. "Jau", varte elektrikaren, "det skal no late seg gjere".

Nokre veker gjekk, og eletrikaren fekk nok ein telefon. Og så denne gongen var det karen som budde i eit gamal hus i ein lang dal som ringde. Denne gongen spurde han om elektrikaren også kunne leggje opp nye ledningar på eit kjøkken som var under oppussing, sidan han likevel måtte kome innom å gjere ferdig arbeidet frå sommaren 2011 og leggje inn straum til ein keramikkovn som skulle setjast opp i kjellaren. "Jau", varte elektrikaren, "det skal no late seg gjere".

Så gjekk enno nokre veker, og elektrikaren var ute og køyrde i den lange dalen. Litt etter middagstid kom han til det gamle huset i den lange dalen. "Eg får inn å gjere ferdig det arbeidet eg starta på sommaren 2011. Men, åkk!", stønna eletrikaren. "Det er så mange som spør om eg kan gjere arbeid for dei. Og eg ligg så langt bakom skjema. Eg kan ikkje ta på meg meir arbeid no", sa han til seg sjølv.

Og det elektrikaren også til dei som budde i det gamle huset i den lange dalen då dei kom heim frå arbeid, enno dei hadde fått lovnad om at han skulle kome innom i løpet av nokre veker å stelle i stand både ledningar til det nye kjøkkenet og straum til keramikkomnen.

Dei som budde i det gamle huset i den lange dalen vart svært overraska, for dei hadde lyst å snart få byrje å bruke det nye kjøkkenet sitt, og det var ikkje så lett å få tak i andre elektrikarar som kunne stille på så kort varsel. Dei som budde i det gamle huset i den lange dalen vart oppgitte og lei seg, og har dei ikkje fått fat i ein annan elektrikar, så er dei nok oppgitte og lei seg enno.

Og SLIK gjekk det altså til at me kanskje må vente leeenge før det nye kjøkkenet vert ferdig til bruk.

Men me kryssar fingrar og tær for at ein annan elektrikar med blå arbeidsklede og kvit kassebil med mykje utsyr har tid til å hjelpe oss om ikkje så alt for lenge!

1 kommentar:

Billa Blå sa...

Fantastisk historie med særdeles tragisk innhald! (Men eg ler endå!) Håpar verkeleg det ordnar seg snarast mogeleg. Gudbevaremeg.