Det er lenge sidan sist.
Lenge sidan sola har vist seg.
Og lenge sidan eg har blogga.
Kan hende er eg ein sol-bloggar?
For no er sola her - og no er eg her. Og endeleg kan filleryene hengast ut til lufting. Vimplane tykkjer det er stas med selskap. Ser du godt etter, kan du sjå at dei smiler!
Har du også lyst å hekle slike fine, fargerike vimplar, finn du oppskrifta (på dansk - men lett forståeleg) hjå Karen Klarbæk. I oppskrifta er vimplane berre tredd på ei snor. Eg har hekla vimplane saman, men det gjer du som du vil med.
Og du... Nyt sola!
2 kommentarer:
And she's back! Til mi store glede! Det ser berre så idyllisk ut der som ingen kunne tru at nokon kunne bu! :) Eg har funne fram hengekøya og satsar på å få hengt den opp i dag. Trur den smiler òg etter MONTHS vekkgøymd i eit skap på lemmen.
du gjør meg alltid glad som sola med dine koselige kommentarer og innlegg : )
spent på om du har laget noe keramikk i den siste tiden?
go'klem
vibeke
Legg inn en kommentar