no har me IKKJE TID
Me KJØPER NYE labbar i staden
og er godt nøgde med å vera nøgde med det
Men enkelte labbepar er FOR GODE
til å gå i boset
Då kan KUNSTEN Å STOPPE sokkar
vera god å ha i fingrane
TIPS
Del gjerne tråden før du startar, då vert ikkje det stoppa området så tjukt og klumpete å gå på.
Sy fyrst ein ring eller firkant rundt det slitte området. Fyll deretter ut ved å sy først eine vegen - og så den andre. Tett-i-tett! Prøv å "veve" trådane under og over kvarandre heile tida. Festing av tråd er ikkje naudsynt.
Og når ein fyrst har fått ut fingeren, kvifor då ikkje stoppe sokkane med ein KONTRASTFARGE? Elles VISAR det jo ikkje...
Ha ei fin-fin veke!
1 kommentar:
Veldig nyttig innlegg og veldig dårleg samvit... Stoppesoppen var jo genial! Burde hatt ein sånn så slapp eg spøte nye sokkar (for det gjer eg jo HEILE tida!)
Legg inn en kommentar