Det hekla trekket har eg teke utanpå eit peanøttsmør-glas. Desse glasa er fine fordi dei er så rette i forma. Og så går slike STORE telys oppi dei!
Eg måtte nett prøve meg fram for å finne ut kvar lykta skulle stå. Førebels står den ved sida av vasen med kvistar fordi det vart liksom mest påskete.
1 kommentar:
Dekelen, det var ei fin lykt. Trur eg må lage ei sånn. Har nemleg hatt eit særdeles usunt forhold til peanøttsmør denne vinteren... Så no har eg ein god unnskyldning til å fortsette inntaket. -Må jo bruke glasa til å lage lykter av!
Legg inn en kommentar