torsdag 23. februar 2012

Te i koppen


Enkelte ting MÅ ein berre ha for å fungere i kvardagen. Eg treng mellom anna kaffi og stearinljos om morgonen. Prøver eg ein dag utan, går det sjeldan vel.


Men ein god cuppa i ny og ne er også essensielt! Ein av mine absolutte kvardagsfavorittar er Taylors of Harrogate sin Yorkshire Gold. Skikkeleg mørk, og skikkeleg engelsk! Ei kvelddstund i sofaen med pledd, bok, knekkebrød med ost og te i koppen - er verkeleg (ja, sjølvsagt:) Gold! Og aller best vert det jo med ein svett mjølk i. 

Oh, Mighty Blighty!

Ingen kommentarer: