Folk med travle dagar fylt med jobb og ungar, matlaging, trening, og køyring hit og dit ser ut til å ha allverdas tid til å gjere "alt mulig" kult og knast. Eg har ikkje ungar og bur 300 meter frå der eg jobbar. Det hender eg også er kreativ - men effektiv? Nja...
Mor sin knappeeske vart saumfart, og ei rekkje kandidatar vart prøvd ut.
Før jul handla eg meg eit lite nøste med gult ullgarn på Patina, og i romjula leita eg i mor si bokhylle og fann oppskrift på korleis ein heklar blomar. No, ei lita veke utpå nyåret, har eg endeleg fullført prosjektet.
... Og slik vart det endelege resultatet. Eg gjekk for den litt søte stilen denne gongen.
God hekle-helg!
1 kommentar:
Omg! Den lilla-rosa knappen! Namnam! Eg har funne ei unik bok (-i mamma si bokhylle!) som heiter 100 blomster - strikking og hekling. Der kan du ha mykje moro med heklenåla!
Legg inn en kommentar