fredag 9. desember 2011

Frå gamalt til nytt


Halleluja! No i helga vert andre tredjedel av stovegolvet heilt ferdig.

I går spurt-mala eg strok nr. 2 mellom to straumbrot, og vart akkurat ferdig til andre mørkleggjing... Hovudlykta låg klar i tilfelle eg ikkje skulle rekkje det. Slik gjer me det på landet!

Om ikkje lenge forsvinn alle spor av sliten linoleum, og den milde, fine fargen til Jotun, Demring, tek over.

Den vassbaserte golvmalinga frå Trestjerner har verkeleg levd opp til sitt gode rykte - i allefall til no (- men eg har jo ikkje brukt den enno). Malinga er god å arbeide med, luktar lite og gjev eit blankt og fint resultat! Kan anbefalast til alle som har eit golv eller to å male før jul!

God førjulshelg!

2 kommentarer:

Billa Blå sa...

Hei! For ein wunderbar farge du/de har valt! Og namnet på fargen var jo like vakkert :) Har du skifta skrift på bloggen eller er det den nye nettlesaren min som lever sitt eige liv? Eg er forvirra, Google Chrome er så moderande og minimalistisk.

Susanne sa...

Meci! EG tek til meg alt som luktar av skryt om val av farge. Det var (som alltid) eit slit å kome fram til den "rette" fargen, men eg er veldig nøgd no!

Hihi! Eg driv og testar litt skrift typar no og då - men vert ikkje heilt nøgd så difor byter det stadig... Har også justert breidda på dei ulike delane, så her er rom for full forvirring!!!