No er PROSJEKT: BAD endelig i fullføringsfasen, og eg har endelig kunne henge opp den gamle badedrakta eg kjøpte på Armstrongs i Edinburgh for 7-8 år sidan. Den gongen drømte eg om å kunne henge opp badedrakta "når eg ein gong får eit bad som passar"... Og no har eg det! Hurra!
Badedrakta er produsert i USA, og har ei nydeleg lita stupedame på hoftekanten!
Eit brodert bilete som eg fekk tak i på ein liten loppemarknad i Langesund i fjor sommar får også vera med.
Det er litt mørkt inne i dusjnisja fordi lampen der enno ikkje er montert - men eg håpar den kjem opp til veka - og DÅ er faktisk badet FERDIG!
Føl med - snart kjem bilete av resten av rommet!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar