tirsdag 20. november 2012

Av og til

... får ein ikkje fingeren ut
... får ein ikkje tid
... får ein ikkje til

å skrive noko som er så fornuftig at HEILE verda treng å vite det. Slik har eg hatt det ei stund, og kjem kanskje til å ha det enno ei tid framover. Kven veit?

MEN ein ting ynskjer eg å dele med omverda, og det er nemlig at

I KVELD
er det ope hus
(kl 19.00-21.30)
 
Damene på Evanger opnar dørene og inviterer til strikke-kose- og handlekveld med 20% avslag på alle varer. HURRA!!!

1 kommentar:

Billa Blå sa...

And she's back! Takk og lov, du er sårt sakna! Skulle GJERNE vore på Patina i kveld, men det må vike for ein joggetur (!!!) i Kanadaskogen (som no har fått lysløype -dermed ingen unnskyldning å la vere...)