lørdag 5. mai 2012

Gåve til konfirmanten (eller nokon heilt andre)

... som kan like ein god latter!
Sigmund Falch står bak tidenes mest morosame bøker. Eg har ledd så tårane trilla. Lenge!

  Alvorlege 50-talsbilete
+ Nynorske bilettekstar (UTAN samanheng whatsoever)
= Fantastisk underhaldning!



I nettbutikken til Ivar Aasen-tunet er det no råd å få tak i tre av desse bøkene til kr. 119,- Boka Redlight Setesdal har eg funne billegast hjå adlibris.com, kr 202,- Her kan du også "bla i boka" - og berre gje deg ende over...

1 kommentar:

Billa Blå sa...

Ja, desse er urkomiske! Kan le lenge og vel og igjen og igjen og igjen :D