tirsdag 17. juli 2012

Jordbær-is i to variantar

Når sola kjem er det best å vera budd:
Lag din eigen herlege jorbær-is!

 
SAFTIS: Rens bæra og kutt i bitar. Ha i ei spiseskei sukker og litt vaniljesukker per 2 dl bær. Mos med stavmiksar. Ha jorbærmassa i isformer, og vent tolmodig... (Det tek nok i allefall 3-4 timar før isen er ferdig.)


FLØYTEIS: I siste nummer av Lev landleg fann eg også denne oppskrifta. Svært så rask og enkel! (Faktisk so rask at eg ikkje fekk teke bileter av prosessen...) Resultatet står no i frysen og er klar om nokre timar. Her er oppskrifta så du kan prøve sjølv!

2 kommentarer:

Billa Blå sa...

Aaah, godt å vere heime att slik at eg kan gledja meg over alt som har skjedd på nettet på ein STOR dataskjerm. Eg har usunt nok fått dilla på mango-is. Tippar eg kan lage det på samme måte! Men is, - i dette vêret? Gje meg styrke! Varmar meg på vin, eg.

Susanne sa...

Tenkte nett det same då eg hadde ein mangobit til overs attpå ein fruktsalat - men den rauk til før eg kom so langt. Gje meg gjerne eit referat om du prøver! Du veit eg har langt (og lenger enn langt) å reise for å få tak i slike eksotiske frukter... ;D