onsdag 6. juni 2012

Truser til tørk

 ... til ære for alle forbipasserande!


Her om dagen laga eg eit oppheng truser-sokkar-og-anna-smått. Kjekt å hengje ut i sola - eller berre på snora på vaskerommet.

Kanskje ein gåveidè til venninna "som har alt"?
(Kan då sjølvsagt supplerast med ei snasen truse og eit par søte strømper...)

Du treng:
ein gamal kleshengjar, helst av tre
augekrokar (oddetal)
hyssing
  • Fordel antal augekrokar ut over klehengjaren. Start med den i midten. Det er lov å bruke augnemålet... Skru i krokane.
  • Klipp ei lang og god lengd med hyssing. Start å feste hyssingenden i ein augekrok i enden av klehengjaren. Tre hyssingen gjennom holet i kleklype-fjøra og lat klypa henge ned medan du festar hyssingen i augekrok nr. to. Eg tilpassa høgda på kleklypene slik at dei vart hengjande i nokolunde lik høgd.
  • Fest til slutt hyssingenden i den siste augekroken.
  • Det kan nok vera ein fordel å bøye kroken på hengjaren litt meir saman - det gjorde ikkje eg med det same, og oppdaga at det ikkje skulle så mykje vind til før opphenget blas ned frå greina då det hang ute.

1 kommentar:

Billa Blå sa...

Fniis! Den var kul. Mogeleg eg må kopiere den og tilføye endå litt alternativ pynt på altanen min...PS! Eg har problem med bildekvalitet og at skrift på bloggtittel og sidetekst forandrar seg. Er det fordi det no heiter blogspot.no og ikkje com lenger? Eg DAUAR av irritasjon og særdeles usømelege ord og uttrykk får sitt utløp. ARG!