tirsdag 3. april 2012

Påskestemning i ein kopp

Du har sikkert oppdaga det, du også:
Sola varmar, bekken klukkar og fuglane syng.
Når våren sprett er det godt å vera til!


Førre helg tok eg inn nokre tynne, små påskeliljespirer og tenkte at eg kanskje fekk blomar til påske... Og JAMMEN! Det tok berre fire dagar før den fyrste blomen opna seg.

Gå ut i hagen (eller parken...) og hent inn nokre stilkar, du også. Og gjer det NO - så har du "sjølvlaga" påskestemning på bordet til påskehelga!

Porselenskoppen som blomane står i laga eg for nokre år sidan. I løpet av våren håpar eg at keramikkrommet i kjellaren vert klart slik at eg kan produsere litt igjen. *fingers crossed*

1 kommentar:

Billa Blå sa...

GÅMANN! Får ikkje opp siste innlegg frå deg på bloggen min! Ikkje løye eg ikkje klarar å henge med i svingane. Takk for fine stemningsbillede, no reiser eg på hytta i Strandebarm og skal gjere minst mogeleg eit par dagar. Btw, så sydde eg meg ein kjole i går... Den vart nydelah!