tirsdag 27. mars 2012

Kjøkken: Lampe

Bestillingstid er lik ventetid.
Og ventetid er lik gooood tid
... til mellom anna å finne ein lampe til å ha over bordet på det nye kjøkkenet.

Åhlens: Fargeglad favoritt. Enn so lenge...
NorthernLighting: Sart porselen som gjev nydeleg lys.
Åhlens: Fin i formen.

Men altså - tid er ikkje alltid nok... Ein må jo klare å bestemme seg også! Planen er å ha kvitt bord med gamle trestolar rundt. Bordet vert kanskje Norden frå IKEA, men er enno litt usikker på det. Det kan også hende at det vert eit gamalt trebord.

Hovud-hovudbryet for tida er kva lampe som skal henge over kjøkkenbordet.

Den må jo gje lys - men ikkje for mykje. (Det skal jo vera kosleg på kjøkkenet!) Og den må ha ei form som eg likar. Og så kan den godt vera litt "kjekk" på ein eller annan måte. Men det er så mange som er kjekke, knase og kule. Til og med ellos.no har diverse lampar som freistar:

Denne gjengen med skjermlause lampar er jo berre knas. Men gjev litt for mykje lys, kanskje? Og så sjå på denne svarte - med stoffledning. Og det likar eg. For ikkje å snakke om denne her: Skjerm med print av ein rosa sykkel. Passe urban til eit landleg kjøkken!

Argh! Dette er faktisk umulig...

2 kommentarer:

Billa Blå sa...

Aiai! Dette blogginnlegget har gått meg hus forbi! Eg forstår frustrasjonen. Sjølv leitar eg etter ei spøtelampe som kan henge på veggen og helst vere dønn perfekt. Keep searching! (Og spar pengar for den lampa du likar best kostar sikkert flesk... typisk!)

Susanne sa...

Gul lampe er herved kjøpt. Ikkje so dyr, og ganske snerten! Men ganske mykje større enn eg hadde trudd... Eg måtte nett stå nokre minutt og verte "kjend med" lampen.
Det føltest som ein blind date (som eg aldri har vore på) med ein fyr som var annleis enn ein hadde trudd, men absolutt verd vidare undersøkjing...